Herlege Berlin - Din fremtid
Innholdsmarkedsføring fra Kaiman

Berlin er ein levande by med mykje konsertar og kunstutstillingar, fortel Marie Haugland (t.v.), saman med Reidun Svalebjørg (midten) og Nina Bentsen (t.h.). (Foto: Thomas Olsen/Berlinkontoret)

Det var språket og ynskjet om eit avbrekk frå dei vanlege studia i Noreg som trakk Marie Haugland, Reidun Svalebjørg og Nina Bentsen til Tyskland.

Humboldt-Universität Zu Berlin er eit av dei eldste universiteta i Europa, og dei tre jentene tek eit Erasmus-opphald der som ein del av jusstudiane sine på Universitetet i Bergen. Å studere i Berlin har overgått alle forventingar.

– Eg er veldig nøgd med studiane, og synast at forelesarane er flinke og kunnskapsrike. Dei er gode til å formidle. Alle forelesingane er på tysk, men dei tek ekstra omsyn til oss som er Erasmus-studentar, og gjentek stoffet slik at vi skal forstå. I tillegg tilbyr dei oss eigne munnlege prøver, seier Bentsen.

Les meir om moglegheitene som finst for studiar i utlandet

Nina Bentsen er særs nøgd med å vere Erasmus-student i Tyskland. (Foto: Thomas Olsen/Berlinkontoret)

Nina Bentsen er særs nøgd med å vere Erasmus-student i Tyskland. (Foto: Thomas Olsen/Berlinkontoret)

Det norske studielånet rekk langt i Tyskland.

Reidun Svalebjørn, Erasmus-student

Tysk omgangskrins

Etter kvart har jentene fått ein omgangskrins av tyske studentar, som gjer at dei òg får praktisert språket utanfor forelesningssalane. Studia i Tyskland er annleis enn heime, fortel jentene.

– Vi er vand med å ha eitt fag om gongen, her har vi sju fag på same tid. Det er ein veldig stor skilnad. I Noreg har vi òg fleire oppgåver vi kan levere undervegs, medan her avsluttar du semesteret med ei stor sluttprøve, fortel Marie Haugland.

Kva vil du studere?

Humboldt-Universität Zu Berlin er eit av dei eldste universiteta i Europa. Marie Haugland  tek utveksling gjennom Erasmus der som ein del av jusstudiane sine på Universitetet i Bergen. (Foto: Thomas Olsen/Berlinkontoret)

Humboldt-Universität Zu Berlin er eit av dei eldste universiteta i Europa. Marie Haugland tek utveksling gjennom Erasmus der som ein del av jusstudiane sine på Universitetet i Bergen. (Foto: Thomas Olsen/Berlinkontoret)

God råd i utlandet

Reidun Svalebjørg fortel at det er billeg å leve som student i Tyskland.  (Foto: Thomas Olsen/Berlinkontoret)

Reidun Svalebjørg fortel at det er billeg å leve som student i Tyskland. (Foto: Thomas Olsen/Berlinkontoret)

Ein stor fordel med Tyskland er at det er billeg å bu, ete og gå ut. For studentar er kollektivtransport gratis, og det er lett å kome seg rundt. Jentene seier at dei som nordmenn kjenner seg litt bortskjemde når dei møter studentar frå andre europeiske land.

– Det norske studielånet rekk langt, og i tillegg får du jo Erasmus–stipend. Heime har du kanskje råd til å gå på konsert ein gong i månaden. Her treng du ikkje å prioritere kino eller konsert, du kan gå på kva du vil, seier Reidun Svalebjørg.

Les meir om økonomien rundt det å studere utanlands.

Eg har ikkje lyst å dra heim.

Marie Haugland, Erasmus-student

Populære nordmenn

Dei tre jentene har fått god kontakt med både tysk kulturliv og tyskarar generelt. (Foto: Thomas Olsen/Berlinkontoret)

Dei tre jentene har fått god kontakt med både tysk kulturliv og tyskarar generelt. (Foto: Thomas Olsen/Berlinkontoret)

Berlin er ein levande by med mykje konsertar og kunstutstillingar, fortel dei norske studentane. Mange norske artistar som er små og alternative i Noreg, har ei stor fanskare i Tyskland. Nordmenn er populære, noko studentane har merka.

– Tyskarar er ganske direkte, på godt og vondt. Viss det er noko dei ikkje likar, seier dei ifrå. Men dei er kontaktsøkande, og lett å kome i prat med, særleg når dei høyrer at vi er norske, seier Haugland.

Les fleire studentar sine erfaringar med å studere utanfor Noreg

Vil jobbe i Berlin

Dei tre studentane trur at både kjennskap til EU, tysk rett og samfunn, samt det tyske språket, vil vere til fordel for dei som juristar når dei skal ut i arbeidslivet. Dei ser heller ikkje vekk ifrå å jobbe i Tyskland etter studiane.

– Det er fleire norske advokatfirma som etablerer eigne kontor her. Eg kunne tenkje meg å jobbe i Berlin. Eg har fått smaken på byen, og har ikkje lyst til å reise heim, seier Haugland.

Dette bør du tenkje på før du tek eit studieopphald i utlandet