Framtidsretta og fornybart i Fjordfylket - Din fremtid
Innholdsmarkedsføring fra Kaiman

SFE held til i eit av dei rikaste ressursområda når det gjeld fornybar energi

- For første gong i historia er investeringane innan fornybar energi større enn i norsk industri. Dette betyr moglegheiter for oss som driv med vasskraft.

Orda kjem frå HR-direktør Ole Bent Søreide i Sogn og Fjordane Energi, som er Noreg sin tolvte største kraftprodusent. Selskapet held til i eit av dei rikaste ressursområda når det gjeld fornybar energi.

Les meir om karrieremoglegheitene i SFE

Skal byggje ut for milliardar

Sogn og Fjordane Energi har planar om å byggje ut kraftnettet for 150 mill. kroner årleg i ti år framover.

Sogn og Fjordane Energi har planar om å byggje ut kraftnettet for 150 mill. kroner årleg i ti år framover.

- Framtida ser absolutt lys ut for bransjen vår. Vi har planar om å byggje ut kraftnettet for 150 mill. kroner årleg i ti år framover. Målet er å auke vasskraftproduksjonen med opptil 30 prosent, fortel Søreide.

Bli betre kjend med dei tilsette i SFE

Men sjølv om ressursane finst, trengs det kloke hovud og flittige hender for å hente ut potensialet som ligg der. SFE er ei kompetansebedrift midt i hjartet av Fjordfylket, og har 260 tilsette, der to tredjedelar enten er fagarbeidarar eller har høgare teknisk utdanning, dei fleste ingeniørar. Likevel representerer arbeidsstokken eit mangfald av fagområde som spenner frå el-kraft til IT og finans.

Sjå video

Arbeid med meining

- Vi har eit veldig høgt engasjement mellom dei tilsette. Det skuldast nok eit godt arbeidsmiljø som er prega av jobbar med spennande oppgåver og prosjekt, hevder Søreide. Han trur at mange av dei tilsette finn meining i å vere med å forsyne verda med fornybar energi – og bidra og ta ansvar for miljøet.

Framtida ser absolutt lys ut for vår bransje, for første gong i historia er investeringane innan fornybar energi større enn i norsk industri

Ole Bent Søreide,  HR-direktør i  SFE.

Naturen i Sogn og Fjordane er eit kapittel for seg sjølv – eit gode som utvilsamt appellerer til det aktive mennesket. Derfor er det kanskje ikkje så rart at «Energi frå jobb og energi frå fritid» er eit motto for selskapet.

- Å vere ein kompetansearbeidsplass midt i eit attraktivt område for friluftsaktivitetar gjer oss unike, meiner HR-driektøren.

Byggjer brønnar i Sierra Leone

Å jobbe med vatn pliktar, ikkje minst fordi denne livsviktige ressursen er så ujamt fordelt på kloden. Som ein del av sitt samfunnsansvar har Sogn og Fjordane Energi i samarbeid med Plan Norge starta bygging av 22 nye vassbrønnar i Sierra Leone. Brønnane skal sikre at 15.000 menneske har tilgang på reint vatn.

 

- SFE som bedrift lever av vatn medan i Sierra Leone treng dei vatn for å leve, dette var utgangspunktet som leda oss til samarbeidet med Plan Norge, seier Ole Bent Søreide.

Han legg til at å vere ein bedrift for framtida og handlar om å opne blikket og innsjå at ein er ein del av noko større.