Fekk drøymejobb via traineeordning - Din fremtid
Innholdsmarkedsføring fra Kaiman

Katrine Stafsnes Osland (27) hadde eigentleg ikkje tenkt å flytte heim att, men når ho fekk sjansen til å prøve seg som trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane, kunne ho ikkje sei nei. – Eg anbefalar alle å ta sjansen om å prøve seg som trainee, seier ho.

Katrine S. Osland frå Askvoll hadde jobba nokre månader i Sparebanken Sogn og Fjordane då ho vart oppfordra av arbeidsgjevaren sin til å søke trainee-ordninga til Framtidsfylket. Det skulle vise seg å vere eit lurt val.

– Eg har studert både i Tyskland, USA og Stavanger i mange år, så eg var ikkje sikker på om eg skulle flytte heim att til Sogn og Fjordane. Men med traineeordninga fekk eg ein sjanse eg ikkje kunne sei nei til, smiler ho.

– Å vere trainee gir meg varierte arbeidsoppgåver der eg kan få erfaring og lære frå ei rekkje ulike avdelingar i banken. Dét, kombinert med god oppfølging og trainee-samlingane til Framtidsfylket har gitt meg ein peikepinne på kva eg ønskjer å jobbe vidare med seinare.

15 verksemder søkjer traineear. Frå 1. desember 2013 blir dei nye stillingane lagt ut. Søk før fristen 24. mars 2014 på framtidsfylket.no.

Kjem ein gjennom nålauget som trainee i eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane, blir ein sett, får rask utfordringar og ansvar.

Gro Rukan, dagleg leiar Framtidsfylket

Felles rekrutteringskanal

Framtidsfylket er ein merkevare for Sogn og Fjordane, som mellom anna har ein veletablert regional traineeordning på tvers av alle yrkesgrupper. Kvart år får 9-15 unge og nyutdanna ein unik sjanse til å starte ei karriere i fjordfylket.

– Det er mange spanande stillingar i Sogn og Fjordane, men utfordringa er vise oss fram slik at nyutdanna veit om oss. Kvar for oss er vi mange små aktørar, men via Framtidsfylket har vi fått ein viktig felles arena, seier direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Janne Marie Solheimslid.

Søkjer du jobb i Sogn og Fjordane? Finn ledige stillingar på Framtidsfylket sin jobbportal.

Under traineesamlinga i Sogn 21.-23. november vart Katrine og dei andre traineeane utfordra til å klatre i Noregs brattaste klatrevegg innandørs. Foto: Thomas Bickhardt/Bickfoto

Under traineesamlinga i Sogn 21.-23. november vart Katrine og dei andre traineeane utfordra til å klatre i Noregs brattaste klatrevegg innandørs. Foto: Thomas Bickhardt/Bickfoto

Karriere der du sjølv ønskjer

Sparebanken Sogn og Fjordane var ein av fleire aktørar som starta opp Framtidsfylket for å bidra til nytt blod i næringslivet og auka tilflytting til fylket.

– Kva kan Sparebanken Sogn og Fjordane tilby dei som blir trainee hos dykk?

– Ettersom vi har kontor over heile fylket kan vi tilby ei karriereutvikling på mange ulike stader, i tillegg til at vi har stabsstillingar ved kontoret i Førde. Som trainee får ein utvikla seg sjølv personleg og fagleg, seier Solheimslid.

Følg Framtidsfylket på Facebook.

Jus til marknadsføring

Gro Rukan, dagleg leiar Framtidsfylket

Gro Rukan, dagleg leiar Framtidsfylket

Sidan trainee-ordning starta i 2003, har til saman 100 nyutdanna fått arbeidstrening i ei fjordverksemd.

– Kjem ein gjennom nålauget som trainee i eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane, blir ein sett, får rask utfordringar og ansvar. Etter ferdig traineeår får dei gjerne fast stilling, i tillegg til at dei kan oppnå spanande posisjonar i offentleg eller privat sektor, seier dagleg leiar i Framtidsfylket AS, Gro Rukan.

Framtidsfylket har traineestillingar innan mange ulike fagområde i heile fylket. For kullet 2013/2014 har dei til dømes traineear innan jus, marknad, ingeniør og økonomi. I løpet av året blir det arrangert fire traineesamlingar på tvers av yrkesområde.

– Her får dei råd og rettleiing av vår organisasjonspsykolog som bevisstgjer dei på sine eigne styrker og svakheiter med tanke på å vidareutvikle kvar og ein, seier Rukan.

Les meir om traineeane for 2013-2014.

Skapar grobotn for leiartalent

– Kvifor bør nytudanna søkje som trainee i Sogn og Fjordane?

– Sogn og Fjordane har eit mangfald av verksemder som i dag står for ein stor del av verdiskapinga i Norge. Som trainee får ein mykje tettare oppfølging og fleire utfordringar enn ved normal tilsetting. Dette gir ei bratt læringskurve – og på sikt fører det kanskje til ei leiarstilling, seier Rukan.

Søk deg inn som trainee før fristen 24. mars 2014. Sjå meir info på Framtidsfylket sine nettsider.